FYLKESLEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde

 

- Det er viktig å vera førebudd, difor er det lurt å ha tenkt gjennom aksjonsformer før eit eventuelt brot, seier Felde.

Aksjonsutvalet skal mellom anna utvikle Norges Bondelag sin aksjonsberedskap fram mot jordbruksforhandlingane i 2016. 

- Det gjeld å finne tydelege aksjonsformer som vert lagt merke til, fortel han. 

I tillegg til Felde sit Birte Usland, Aslak Snarteland, Ola Råbøl og ein representant frå Norges Bygdeungdomslag i utvalet.