Moglegheiter for å skaffe seg inntekt er avgjerande for rekruttering til landbruksnæringa.- Skal landbruket vere i stand til å nå målet om ein auka produksjon kan vi snart ikkje bli færre matprodusentar enn vi er, seier fylkesleiar Per Hilleren som i dag møter kollegaer frå heile landet for å drøfte kravet fram for jordbruksforhandlingane.  Vi greier ikkje å produsere nok storfekjøt og vi ser også at vi er i grenseland når det gjeld å kunne produsere nok mjølk. All veksten i mjølkemarknaden kjem i form av import.  Dette er eit faresignal, og det er etter vårt syn viktig å ha fokus på mjølkeproduksjonen som den viktigaste bærebjelken i distriktslandbruket.  Det er viktig å sjå produksjonen av storfekjøt og mjølkeproduksjonen i samanheng, seier Hilleren.

Tilskot med direkte inntektsverknad for den einskilde aktive bonde og investeringsverkemidlar vert prioritert framom andre tilskot.  Handlingsrommet i tollvernet må utnyttast slik at det kan vere mogleg å auke oppgjersprisen til produsent for fleire produkt, heiter det i høyringsfråsegna frå Sogn og Fjordane Bondelag.