NØGD LEIAR: Geir Thomas Myklebust syns arrangementet gjekk bra.

 

- Eg tykkjer det er positivt at born får kontakt med dyr, seier leiar i Breim Bondelag Geir Thomas Myklebust.

Han fortel at dei delte barnehagen i to grupper. Dei yngste borna kom fyrst, fekk omvisning i fjøsen og tilbod om å sitte på med hest og vogn. Deretter kom dei eldre borna. Saman hadde dei felles matpause, før dei yngste borna reiste og dei eldre borna fekk omvisning i fjøset. Myklebust tykkjer det er viktig at borna kjenner til norsk landbruk og matproduksjonen i landet vårt.  

Kvifor inviterte de barnehagebarn?

- Det er viktig å byrje tideleg, om ein vil ha gode bønder i framtida. 

 

- Berre kjekt

GJESTFRI:   Arne Einar Reed lånte gjerne ut fjøsen sin til gardsbesøk.

 

- Det var lett å seie ja, då Bondelaget spurte om å få låne fjøsen min. 

Arne Einar Reed meiner det er viktig å syne borna kvar maten kjem frå. 

- Det er folk som trur at mjølka kjem frå butikken. Difor er det viktig å ha arrangement slik som dette,  for å syne korleis det eigentleg er.

Reed syns dagen gjekk bra og fekk gode tilbakemeldingar. 

- Det var mykje positivt. Eg trur dei fleste borna som var på besøk i dag er vane med dyr, for det var få som var redde. 

 

 

Glade barn: 

KJEKT: Barnehagebarna Sogn og Fjordane Bondelag prata med, syns dei hadde ein kjekk dag.

 

STOR JUBEL: Barnehagen fekk 6 traktorar av Breim Bondelag.

 

Fleire bilete frå dagen finn ein her.