Vi treng dei mindre mjølkebruka med oss inn i framtida

Publisert 05.12.2019
  • Tips en venn om denne siden

- At vi klarar å modernisere stadig mindre mjølkefjøs vil vere avgjerande for verdiskapinga og kulturlandskapet i Vestland, formidla ein svært tydeleg og engasjert prosjektleiar Jo Helge Sunde i møte med 6 Stortingsrepresentantar frå Høgre.

- Med modernisering siktar eg til overgangangen frå båsfjøs til lausdrift med mjølkerobot, held Sunde fram.  Ungdommen ynskjer moderne teknologi som eit hjelpemiddel for å hente meir kunnskap om dei einskilde dyra i buskapen samt for å kunne få ein meir fleksibel og betre arbeidskvardag.   I dag er vi i ein situasjon der bruk med mellom 15 og 30 mjølkekyr må ha ein stor eigenkapital eller vere viljug til å drive husdyrhald på dugnad for å få ei slik nyinvestering til å gå i hop økonomisk.  Det er slettest ikkje bra for Vestland, og sterkare verkemiddel må kome allereie i jordbruksoppgjeret til våren skal vi få desse bruka med oss vidare inn i framtida, avslutta ein tydeleg prosjektleiar.

Illustrasjon som syner kvifor det er viktig å ha eit sterkt fokus på utviklinga i mjølkeproduksjonen i Vestland. Volummessig er kring 50 % av totalt levert volum produsert i lausdriftsfjøs. I  Vestland var det i august 2019. 870 båsfjøs og 326 lausdriftfjøs.   Total disponibel kvote i Vestland er 194,5 millionar liter (82,5 H og 112 SoFj)  i 2019. Kjelde Landbruksdirektoratet..

 

15-30 kyrs bruka er nøkkelen i arealbruken i Vestland

Gitt dagens investeringsordningar og manglande lønsemd kring 15-30 kyrs mjølkebruket, so vil lausdriftskravet vere det største strukturrasjonaliseringsgrepet i norsk landbruk i moderne tid. Konsekvensane blir at store areal går ut av drift, særskild i distrikta i alle deler av landet.  Vi får ei sentraliseringa av matproduksjonen, lågare sjølvforsyning og større import av fôrråvarer.  Mattryggleiken går ned og Norges beredskap blir svekka, held fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Anders Felde fram.   DIFOR  Vi treng ei pakkeløysing til 15-30 kyrs bruket.  Prioritering av statleg seld mjølkekvote til dei 15-30 kyrs bruka som vil investere, skikkeleg løft på investeringsordningane og løft på inntekta.   Eg håpar mange mjølkebønder kring om i landet ser at det dei driv med er bærekraftig og framtidsretta. Det er avgjerande for Norge si sjølvforsyning og mattryggleiken vår at vi beheld den spreidde mjølkeproduksjonen.  Mjølkebruka i kvar ei bygd er avgjerande brikker i arealbruken.    Vi må jobbe saman for ein politikk som i større grad tek utgangspunkt i garden sine ressursar samstundes som det vert økonomisk mogleg å nytte moderne teknologi også på mindre gardsbruk. 

Sunde og Felde gav uttrykk for at bodskapen dei skulle presentere hadde eit stort alvor over seg, og at dei tykkjer det er  flott at 6 Stortingsrepresentantar frå Høgre syner slikt engasjement kring saka og reiser ut.  

Frå venstre Margunn Ebbesen, landbrukspolitisk talsperson frå Nordland, Anders Felde, Ingunn Foss frå Vest-Agder, Jo Helge Sunde, Frida Melvær frå Sogn og Fjordane, Torill Eidsheim frå Hordaland, Lene Westgaard-Halle frå Vestfold og Bente Stein Mathisen frå Akershus

 

 

 

Produksjonsdelinga i norsk landbruk må på agendaen

- Vi må våge å ta dei vanskelege diskusjonane no, skal vi kunne sikre matproduksjon i heile landet, sa fylkesleiar Anders Felde til Statssekretær i Landbruks- og Matdepartementet Widar Skogan, då han besøkte Hafslo i går

Maskinførarkurs 2020

Norsk Landbruksrådgiving arrangerer maskinførarkurs. Sjå program og påmeldingsinformasjon her.

Bli med på seniorkurs 18.mars!

Dette er kurset for deg som no eller innan kort tid skal overdra garden til neste generasjon, avvikle drift og framleis forvalte garden, eller deg som skal selje garden.

Våre samarbeidspartnere