Vi treng dei mindre mjølkebruka med oss inn i framtida

Publisert 05.12.2019
  • Tips en venn om denne siden

- At vi klarar å modernisere stadig mindre mjølkefjøs vil vere avgjerande for verdiskapinga og kulturlandskapet i Vestland, formidla ein svært tydeleg og engasjert prosjektleiar Jo Helge Sunde i møte med 6 Stortingsrepresentantar frå Høgre.

- Med modernisering siktar eg til overgangangen frå båsfjøs til lausdrift med mjølkerobot, held Sunde fram.  Ungdommen ynskjer moderne teknologi som eit hjelpemiddel for å hente meir kunnskap om dei einskilde dyra i buskapen samt for å kunne få ein meir fleksibel og betre arbeidskvardag.   I dag er vi i ein situasjon der bruk med mellom 15 og 30 mjølkekyr må ha ein stor eigenkapital eller vere viljug til å drive husdyrhald på dugnad for å få ei slik nyinvestering til å gå i hop økonomisk.  Det er slettest ikkje bra for Vestland, og sterkare verkemiddel må kome allereie i jordbruksoppgjeret til våren skal vi få desse bruka med oss vidare inn i framtida, avslutta ein tydeleg prosjektleiar.

Illustrasjon som syner kvifor det er viktig å ha eit sterkt fokus på utviklinga i mjølkeproduksjonen i Vestland. Volummessig er kring 50 % av totalt levert volum produsert i lausdriftsfjøs. I  Vestland var det i august 2019. 870 båsfjøs og 326 lausdriftfjøs.   Total disponibel kvote i Vestland er 194,5 millionar liter (82,5 H og 112 SoFj)  i 2019. Kjelde Landbruksdirektoratet..

 

15-30 kyrs bruka er nøkkelen i arealbruken i Vestland

Gitt dagens investeringsordningar og manglande lønsemd kring 15-30 kyrs mjølkebruket, so vil lausdriftskravet vere det største strukturrasjonaliseringsgrepet i norsk landbruk i moderne tid. Konsekvensane blir at store areal går ut av drift, særskild i distrikta i alle deler av landet.  Vi får ei sentraliseringa av matproduksjonen, lågare sjølvforsyning og større import av fôrråvarer.  Mattryggleiken går ned og Norges beredskap blir svekka, held fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Anders Felde fram.   DIFOR  Vi treng ei pakkeløysing til 15-30 kyrs bruket.  Prioritering av statleg seld mjølkekvote til dei 15-30 kyrs bruka som vil investere, skikkeleg løft på investeringsordningane og løft på inntekta.   Eg håpar mange mjølkebønder kring om i landet ser at det dei driv med er bærekraftig og framtidsretta. Det er avgjerande for Norge si sjølvforsyning og mattryggleiken vår at vi beheld den spreidde mjølkeproduksjonen.  Mjølkebruka i kvar ei bygd er avgjerande brikker i arealbruken.    Vi må jobbe saman for ein politikk som i større grad tek utgangspunkt i garden sine ressursar samstundes som det vert økonomisk mogleg å nytte moderne teknologi også på mindre gardsbruk. 

Sunde og Felde gav uttrykk for at bodskapen dei skulle presentere hadde eit stort alvor over seg, og at dei tykkjer det er  flott at 6 Stortingsrepresentantar frå Høgre syner slikt engasjement kring saka og reiser ut.  

Frå venstre Margunn Ebbesen, landbrukspolitisk talsperson frå Nordland, Anders Felde, Ingunn Foss frå Vest-Agder, Jo Helge Sunde, Frida Melvær frå Sogn og Fjordane, Torill Eidsheim frå Hordaland, Lene Westgaard-Halle frå Vestfold og Bente Stein Mathisen frå Akershus

 

 

 

Anders Felde

Vi kan ikkje ete oss ut av klimakrisa

- Vi har inngått ei avtale med regjeringa for å kutte i landbruket sine utslepp innan 2030. Vi har også låge utslepp allereie samanlikna med dei fleste land i verda, og vi arbeider kvar dag for eit endå lågare klimaavtrykk av norsk matproduksjon, men vi kan IKKJE ete oss ut av klimautfordringa seier Anders Felde i ein kommentar til dagens presentasjon av Klimakur 2030

Regionmøterunden er i gong

I alt vert det skipa til 10 regionmøte kring i fylket denne veka. I Stryn møtte styremedlemene Kari Sigrun Lysne og Nils Magne Gjengedal ei engasjert forsamling med representantar frå alle di 6 lokale Bondelaga i kommunen

Nordfjording tek over viktig statsrådpost

- Da vil vere viktig at Sveinung Rotevatn evnar å lytte og ta signala frå distrikta på alvor i si nye og viktige rolle som Klima og Miljøminister, seier fylkesleiar Anders Felde, samstundes som han gratulerer Nordfjordingen Sveinung Rotevatn med ein viktig jobb.

105 mjølkeprodusentar i Vestland fylke vil selje mjølkekvotar.

Gjennomsnittsbruket må styrkast

122 mjølkeprodusentar i Vestland fylke vil selje mjølkekvotar. Dette syner kor viktig det er å styrke 15 - 30 kyrs bruket i det komande jordbruksforhandlingane skal vi klare å oppretthalde eit landbruk over heile landet seier Anders Felde.

Dette skjer i Sogn og Fjordane Bondelag

Torsdag
05
mars

Fylkesårsmøte 2020

Thon Hotel Jølster - Skei

Våre samarbeidspartnere