- Sogn og Fjordane Bondelag tok i førre veke til orde for å redusere hjortebestanden betrakteleg.

Det sa fylkesleiar Anders Felde , då han tala til årsmøtet torsdag 8.mars. 

- I heile fylket treff vi bønder som er fortvila over størrelsen på hjortebestanden, vi må få auka fellingsløyver og vi må «frie løyver» slik at vi raskt får bestanden ned. 

 

- Hjorten et opp vinterfôret til dyra våre

Ifylgje Felde ser offentlege myndigheiter ut til å vere av same meining når det gjeld auka fellingsløyver. Skrantesjuka og mogleg smitte er eit argument, hjortepåkøyrslar eit anna.

- For oss er det rett og slett så enkelt at hjorten et opp vinterfôret til dyra våre. 

Felde oppfordra avsluttningsvis dei frammøtte til å fylgje opp saka lokalt, og at lokallaga fylgjer dette opp i forhold til komune, og andre som forvaltar hjortestammen.  

 

Les heile talen til Fylkesleiar Anders Felde her.