Vi må ikkje gå i fella og skape overproduksjon

Publisert 03.12.2019
  • Tips en venn om denne siden

- Det vil vere dramatisk om vi får mange år med for mykje plommer, bringebær og eple i den norske marknaden, sa epleprodusent Børre Tystad då han sist veke fekk besøk av 6 av Høgre sine Stortingsrepresentantar på heimgarden sin i Gloppen.

Tystad fryktar at ein eventuelle overproduksjon vil gå ut over dei tradisjonsrike produksjonane i Vestland.  - Vi er store på plommer, eple, bringebær og morellar.  Difor ser eg med uro på dei nyplantingane som vi no ser på betre areal og tidlegare kornjord austpå.   - Dei har heilt andre vilkår å drive under enn vi har i bakkane våre her i Nordfjord, sa Tystad mellom anna.  Eg med mine bratte epleteigar klarar ikkje å vere like effektiv som det ein kan vere på flatt areal.  Der kan ein også plante tettare, og med det sikre seg større avling pr. dekar. 

Stortingsrepresentantane frå Høgre fekk prøvegå bakkane ned på nordsida av Gloppefjorden.

- Eg er avhenig å kunne variere køyrespor mellom radene i år då det er vått, og det er det oftare enn før.   I 2018 måtte eg til dømes dra epla frå toppen og ned ved hjelp av ein slede i innhaustinga.  Dette fordi det var så mykje regn, at det var uforsvarleg å nytte traktoren i bakkane. - Du kan trygt seie at eg fekk både betre kondis og styrke etter innhaustinga i fjor, seier Tystad med eit smil.

Tystad sette pris på å få besøk av 6 av Stortingsrepresentantane til Høgre:  Frida Melvær frå Sogn og Fjordane, Margunn Ebbessen, frå Nordland. Ho er også landbrukspolitisk talsperson i Høgre.  Torill Eidsheim frå Hordaland, Ingunn Foss frå Vest-Agder, Lene-Westgaard Halle frå Vestfold.  Ho er rovviltpolitisk talsperson i Høgre og Bente-Stein Mathisen frå Akershus.  - Det er flott at Stortingsrepresentantar reiser ut drøftar ulike problemstillingar med oss som har "skoa på".  Når dei samstundes er så engasjerte og deltek så aktivt i ein open dialog er det flott, seier Tystad. 

Praten gjekk godt kring bordet i stova til foreldra til Børre Tystad.  Sjølv bur Børre og familien hans i nabohuset på garden.  Saman med Svein Kvame frå Innvik Fruktlager hadde Tystad førebudd mange tema som vart grunnlag for ein god og engasjerande debatt.  Børre Tystad hadde endåtil baka eplekaka som vart servert, noko som imponerte Stortingsrepresentantane.

Tystad får støtte at fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, som på vegne av fylkeslaget hadde invitert Stortingsrepresentantane til fylket.  - Vi fekk mange og gode diskusjonar kring utfordringane for grøntnæringa i vårt område.  Samstundes fekk vi synt fram at vi har mange dyktige verksemder i landbruket i Gloppen, seier ein nøgd fylkesleiar.  Det er ikkje tvil om at det innan produksjon av frukt, bær og grønsaker ligg store moglegheiter for å auke verdiskapinga, men det er samstundes viktig med god produksjonsplanlegging, slik at vi ikkje vert sitjande att med førsteklasses vare som vi ikkje får seld i den norske marknaden.  Noko vi dessverre opplevde innan plommeproduksjonen sist haust, avsluttar Felde.

 

Luke 15

Luke 15

I dag kan me opne luke 15 i julekalenderen vår.

Luke 14

Luke 14

I kveld kan du opne luke 14 i julekalenderen vår.

Luke 13

Luke 13

No kan du opne luke 13 i julekalenderen vår.

Luke 12

Luke 12

No kan du opne luke 12 i julekalenderen vår.

Luke 11

Luke 11

I dag kan me opne luke 11 i julekalenderen vår.

Luke 10

Luke 10

Det er 10.desember, og du kan opne ei ny luke i julekalenderen vår.

Frå markering i Gloppen i vår

Pelsdyr, demokrati og rettsprinsipp

Forstår ikkje regjeringspartia alminnelege demokrati- og rettsprinsipp? Dette spørsmålet stiller leiar i Breim Bondelag Arne Frode Øvreseth i eit lesarinnlegg som stod på trykk i Nationen sist veke.

Luke 9

No kan du opne luke ni i julekalenderen vår.

No kan du sjå kva som gøymer seg bak luke åtte i julekalenderen vår.

Luke 8

No kan du sjå kven som gøymer seg bak luke åtte i julekalenderen vår.

Dette skjer i Sogn og Fjordane Bondelag

Torsdag
05
mars

Fylkesårsmøte 2020

Thon Hotel Jølster - Skei

Våre samarbeidspartnere