Eriksen meinte at det ligg til rette for gode løysingar for fylket vidare på mange saksfelt, og at vi ikkje må vere redde for å bli slukt av Bergensområdet.  Med engasjement og glimt i auget orienterte Eriksen utsendingane på fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag om drøftingane som no skjer med Hordaland.

Fylkesårmannen meiner Sogn og Fjordane har mykje positivt som ein må bygge vidare på, og som vil vere viktig for å kunne utvikle fylket i framtida:

Sogn og Fjordane har ein bra sterk posisjon.  Mange ser opp til det Sogn og Fjordane har fått til når det gjeld distrikt.  Eriksen peika ogå på følgjande andre viktige element som er viktige i prosessane som no går føre seg.

  • Distrikta står sterkt i Hordaland Fylkesting

  • Vi må arbeide for god balanse Bergensområdet – Distrikta

  • Det nye fylket vert større, blant dei største i landet

  • Vi har gode avtaler med oss inn i det nye storfylket

  • Vi er samde med Hordaland om måla i den nye regionen

  • Lag, organisasjonar børtilpasse seg nye kommunale og regionale strukturar

  • Alle «i viktige posisjonar» kan påverke det som no skjer

  • Vi må framsnakke fylket og området vårt i alle samanhengar og vi må ha tru på oss sjølve, avslutta ein optimistisk fylkesrådmann på Sogn og Fjordane sine vegne