- Vi er stolte over å seie er vi er Noregs største fylke på bringebær!  Godt og vel 50% av bæra som går til konsum er produsert i gamle Sogn og Fjordane.  Sjølv om vi ikkje har like høg del på jordbærdyrking, så er det ein betydelig produsksjon av dette i Sogn og Fjordane òg.  Vi har all grunn til å vere stolte over den innsatsen alle bærbøndene i Sogn og Fjordane legg ned, innleia Anders Felde til møtet med bærprodusentane i Nordfjord, torsdag 23.april.

Totalt 30 personar var pålogga møtet, og det var ein engasjert gjeng som stilte mykje spørsmål. Møtet vart leia av Anders Felde, saman med organisasjonssjef i Norges Bondelag Astrid Solberg, jurist i Norges Bondelag Jan Bangen og leiar i grøntutvalet i Norges Bondelag Thor Johannes Rogneby. Med på møtet var bærprodusentar, mottak, og representantar for kommunar, fylkeskommune og Fylkesmannen.

Anders Felde, Astrid Solberg, Jan Bangen og Thor Johannes Rogneby orienterar.

Felde var tydeleg i oppfordringa si til bærprodusentane i Nordfjord. - Vi må gå for gull i år! Det blir ikkje ein normal sesong, men vi håpar det vert mogleg å få til ein god sesong og at vi løyser utfordringane som kjem etterkvart. Bondelaget jobbar på for at det skal vere så liten risiko som mogleg for bærbøndene våra,  seiser Felde.

Astrid Solberg og Jan Bangen orienterte om arbeidet Norges Bondelag har gjort nasjonalt med tanke på beredskapsgruppe, utanlandsk/norsk arbeidskraft og risikoavlasting. Landbruksdirektør Christian Rekkedal orienterte om Fylkesmannen sitt arbeid, og viste til samling av informasjon på Fylkesmannen si side. Denne nettsida vert oppdatert kontinuerleg og er i tillegg til Bondelaget si oppsummeringsside, ei god kjelde til informasjon om korleis koronasituasjonen utviklar seg.

Desse tema vart diskutert i møtet:

  • Karantene ved innreise
  • Arbeid i karantenetida
  • Butilhøve og smittevernreglar
  • Isolering ved sjukdom
  • Kostnadar ved karantene
  • Utvida avlingsskaderstatningsordning

Du finn all informasjon  om koronasituasjonen på Bondelaget si heimeside HER eller på Fylkesmannen si heimeside HER.