Vestskog og AT Skog har fusjonert, og administrerande direktør Anders Øynes heldt innlegg på møte i Landbruksråd Vestland onsdag 2.oktober. Etter ein introduksjon av det nye AT Skog, gjekk Øynes inn på  skogbruksressursane vi har i Vestland.

Administrerande direktør Anders Øynes, AT Skog AS.

Skogbruket har endra seg. På 50-talet var det fokus på industrireising og bygging av landet etter krigen, i dag fokuserar vi på berekraft og klima. Det er krav om å plante ut ny skog der skogen blir høgd, og på den måten kan ein sikre ei berekraftig bruk av skogsressursane. Ei utfordring her er at dette er ei langsiktig næring. Det tek ca 80 år frå ein plantar til skogen er klar for høgging. Mange seier då at dei ikkje vil bruke ressursar på treplanting då det tek så lang tid før dei får att for investeringa. - Her har vi ein jobb å gjere på rådgjevingssida for å betre dette, seier Øynes.

Ei anna utfordring som skogbransjen møter er vegar og infrastruktur. Smale, svingete vegar er ikkje eit draumescenario for dei store tømmerbilane, og det fins mange flaskehalsar som må utbetrast for å få henta ut potensialet i skogen vår. Dette er ei av dei store næringspolitiske prosjekta som det jobbast med for å kunne utvikle skogbransjen.

I skogane rundt om i Vestland står det enorme verdiar. Kun i underkant av 10 % av skogeigedommane i området til AT Skog har aktivitet. Samstundes har vi eit stort behov for aktivitet i distrikta. Mykje av skogen som blir tatt ut blir eksportert til utlandet for foredling og vi importerar ferdig foredla trevarer. Her ligg det eit stort potensial for å auke sysselsetjing i distrikta. - Dersom vi hadde foredla sjølve det vi eksporterar, hadde vi hatt 10 gonger meir verdiskaping enn vi har i dag, seier Øynes. Til slutt kom Øynes med ei utfordring til salen. - Korleis kan vi få vediskapinga til å bli verande innanfor våre landegrenser og ikkje ut til det store utland? Her må det byggast kunnskap om skog og meir fokus på skog. Kanskje vi må ta ansvar og framsnakke skogeigarane? I årets jordbruksoppgjer vart det semje om å auke tilskotet til bygging av driftsbygningar i tre, noko som er eit godt tiltak for både lokal- og nasjonal verdiskaping og eit betre klimarekneskap, samt gir eit triveleg bygg for folk og fe.

Tenk tre.