- Arbeidet med Styving, landbruksmessa i Vestland,  var godt i gang då landet stengde 12.mars, seier Tom Farsund, arrangementsansvarleg i Rein Design AS og prosjektleiar for messa.
- No er messa, som var planlagt halden på Mo i Førde 18. – 20. september i år, utsett til midten av september 2021, fortel han.

Storsatsing

Messa var planlagt med eit budsjett på nær 2,5 millionar kroner og hadde som målsetjing å promotere alt det positive og viktige landbruket står for. Det var ei målsetjing å samle minst 10.000 publikumarar dei tre dagane messa skulle vare.

Etter pandemien traff oss er landrbuket ei av dei samfunnskritiske næringane som har fått fornya og positivt søkelys på seg. Tom Farsund seier han håpar og trur at debatten kring spørsmålet om kva grad av sjølvforsyning vi skal ha held fram. – Har vi god nok tryggleik for eigen matforsyning om liknande eller andre typer kriser treff oss på ny? Eg trur vi i større grad enn no må kunne brødfø oss sjølve, seier han.  – Pandemien og nedstenginga bør ha lært oss at det framleis kan komme kriser der vi ikkje kan stole på å få kjøpt kva som helst, kor som helst i verda.

 

Det er fleire grunnar til utsetjinga

- Den første og viktigaste er at sjølv om det no er god kontroll på smittesituasjonen i Norge og i Sunnfjord, ser vi det som usannsynleg at vi får lov, eller at det er forvarleg  å samle tusenvis av menneske på Mo midt i september 2020.
Den andre er at sjølv om landbruket har stått på for å halde oss med mat er nokre verksemder som kunne vere aktørar, utstillarar eller sponsorar også ramma av krisa. Vi hadde akkurat opna for påmelding av utstillarar då landet vart stengt, seier Farsund -  Og av dei som melde seg på ganske raskt fekk vi fort nokre avbestillingar, fortel han. - Arrangement er i stor grad eit overskotsfenomen, og det er særs vanskeleg å jobbe med eit slikt prosjekt i eit halvstengt land. Så har også landbruket eit heilt anna fokus enn vanleg. Det er nok å nemne utfordringane ein kan stå overfor med å skaffe nok sesongarbeidskraft, seier Farsund.

 

Takk!

Farsund opplevde stor entusiasme og oppslutning i arbeidet med messa – Vi opplevde at det var stor interesse for eit sånt tiltak, seier Farsund. - Næringa og alle deira støttespelarar sette pris på at vi kom inn som ein aktør frå «utsida» og ville bidra til å løfte fram alt det positive og viktige som landbruket står for. Vi takkar audmjukt alle som har delteke i arbeidet fram til no, held han fram -  Ei styringsgruppe på 15 personar frå ei fin breidde av aktørar i landbruket hadde hatt fleire møter, og var med og gav arbeidet kraft og retning, fortel han, og nemner følgande firma og institusjonar som allereie var inne, eller på veg inn i eit samarbeid om messa: Sparebanken Sogn og Fjordane, Alltech Norge AS, Berge og Co, Sogn og Fjordane Bondelag, Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag, Felleskjøpet, Tine, Nortura, Førde Industri og Næringssamskipnad, Lerum AS, Sunnfjord Utvikling, Fjøssystemer, Enivest AS, Førde Fargehandel, Biltema, Førde Skogeiegarlag, Fjordtømmer AS, Mo og Øyrane vgs, Norsk Landbruksrådgiving Vest, Mattilsynet, Fylkesmann Vestland, landbruk, Vestland fylkeskommune, Sunnfjord museum, Innovasjon Norge, Fjord Supply as, Timbla AS, 3B Service AS, A-K maskiner, Bilhuset Førde AS, Lava Norge, Våpenloftet A/S, Jaktia Førde, HSR Heutrocknung SR og Brattlendt landbruk. 

- Takk til alle desse! Og sikkert nokre til som vi kan ha gløymt. Vi lovar å komme sterkt tilbake i 2021, seier Farsund til slutt.

Ressursgruppa samla på Mo ved lansering av Styving i november 2019.