I overkant av 40 deltakarar logga seg inn på Skype-møtet for bærprodusentane i Sogn onsdag 22.april kl 19. Møtet vart leia av Anders Felde, saman med organisasjonssjef i Norges Bondelag Astrid Solberg, jurist i Norges Bondelag Jan Bangen og leiar i grøntutvalet Thor Johannes Rogneby. Sistnemnde deltok på Skypemøtet frå traktorhytta midt i våronna. Med på møtet var bærprodusentar, mottak, og representantar for NLR, kommunar, fylkeskommune og Fylkesmannen.

Felde var tydeleg i oppfordringa si til bærprodusentane i Sogn på Skypemøte om koronasituasjonen for bærprodusentane. - Vi må gå for gull i år! Det blir ikkje ein normal sesong, men vi håpar det vert mogleg å få til ein god sesong og at vi løyser utfordringane som kjem etterkvart. Bondelaget jobbar på for at det skal vere så liten risiko som mogleg for bærbøndene våra,  seiser Felde.

Astrid Solberg og Jan Bangen orienterte om arbeidet Norges Bondelag har gjort nasjonalt med tanke på beredskapsgruppe, utanlandsk/norsk arbeidskraft og risikoavlasting. Landbruksdirektør Christian Rekkedal orienterte om Fylkesmannen sitt arbeid, og viste til samling av informasjon på Fylkesmannen si side. Denne nettsida vert oppdatert kontinuerleg og er i tillegg til Bondelaget si oppsummeringsside, ei god kjelde til informasjon om korleis koronasituasjonen utviklar seg.

Desse tema vart diskutert i møtet:

  • Karantene ved innreise
  • Arbeid i karantenetida
  • Butilhøve og smittevernreglar
  • Isolering ved sjukdom
  • Utvida avlingsskaderstatningsordning

Du finn all informasjon  om koronasituasjonen på Bondelaget si heimeside HER eller på Fylkesmannen si heimeside HER.

  

Møteleiar Anders Felde, Astrid Solberg og Jan Bangen stilte på video frå kvar si stove.