Landbruket rammast først og hardast av klimaendringane, og i tillegg føler mange på at vi får skuld for klimaendringane. - Ingen bønder i Noreg skal føle at dei er skuld i klimaendringane fordi vi er ein del av eit kretslaup og tek ansvar for å binde karbon, seier Haugen. - Vårt grøne karbon er noko anna enn det svarte karbonet - vi er ein del av eit naturleg kretsløp, fortset ho. Jo meir vi kan binde og redusere utsleppa, jo meir positivt er det.

Karbon-kretslaupet for landbruk kontra fossile utslepp.

- Landbruket har signert på ein klimaavtale med regjeringa der vi forpliktar oss til å kutte utsleppa frå landbruket. Kva anna næring har gjort det same? Dette har så vidt eg veit heller ikkje blitt gjort i andre land. Det viser at vi tek ansvar og at vi ser framover, seier Haugen. Klimaavtalen er offensiv, og blir fulgt opp med forsking, utvikling og registrering sentralt, og av fylkeslag, lokallag og den enkelte bonde som skal drive klimasmart. Eit viktig verktøy her bli klimakalkulatoren som skal rullast ut i tida framover.

Klimaendringar og ein tøff marknad der det for tida blir snakka mykje om auka import, overproduksjon og nedskalering kan vere med på å ta motet frå ein kvar bonde. Haugen oppmuntra alle til å sjå framover, tenkje annleis og forme framtida sjølve. - Vestlandsbonden, og den norske bonden generelt, skal vere stolt over arbeidet ein gjer og produkta ein produserar og leverar. Det skjer alltid endringar i marknaden så ein skal ikkje sjå ramnsvart på det, sjå heller framover, fokuser på moglegheitene og ikkje på begrensingane.

Møteleiar Renate Rendedal delar ut gåve til Frøydis Haugen som takk for innlegget, pinnekjøt frå Sogndal og Norvegia frå Byrkjelo.