LEIAR I GLOPPEN BONDELAG: Kristen Grov.

 

- Vi har sendt ut ein e-post til medlemmene våre. Der ber vi om at personar som har høve, stiller opp å hjelper dei som treng hjelp. Det kan vere å handle inn naudsynte varer til folk i karantene, og tilby hjelp til eksempelvis fjøsstell.

Det seier Kristen Grov, leiar i Gloppen Bondelag. Han fortel at ingen veit kven som vert smitta, og at alle kan blir råka. Difor håpar Gloppen Bondelag at alle som har høve til å hjelpe, syner godvilje og trår til.

- Vi bønder er ikkje dei første som kastar inn handkle, men er det ille nok kan det skje.

 

Gode tilbakemedlingar

- I e-posten ba eg folk som kan hjelpe, om å melde attende til meg. 

Leiaren i Gloppen Bondelag fortel at han alt no har fått meldingar frå folk som vil stille opp, det er han glad for.

- Vi bryr oss om kvarandre, og alle kan få behov for hjelp ein gong.