Onsdag 22.mai arrangerte Forum for Natur og Friluftsliv Sogn og Fjordane seminar med temaet Vindindustri på land. Her fekk vi blant anna høyre frå Carlo Aall, forskar og leiar ved Norsk Senter for Berekfraftig Klimatilpassing ved Vestlandsforkning. Aall tok opp utfordringane knytt til klima, miljøtiltak og samfunnsutvikling. Aall fortel at sidan første samlerapport frå FN sitt klimapanel vart publisert i 1990, har dei globale klimagassutsleppa auka med 40 %. Samstundes har forbruket av fornybar energi gått ned frå 14 % til 11 % som følgje av auka forbruk. Ei stor utfordring her er at vi som skal løyse problemet òg er årsaka til problemet. Klima er berre ei av mange miljøutfordringar, men det forsterkar mange av dei andre problema som økosystema står overfor. I tillegg kan enkelte av klimaløysingane våra påverke andre økosystemproblem i negativ retning.

Carlo Aall om klima og utfordringar.

Aall påpeikar at i dag har vi ein offentleg debatt som er prega av at klimagassar, energibruk og miljøspørsmål er redusert til å kun omhandle CO2. Utfordringane knytt til klimaendringar og klimagassar er derimot langt meir kompleks, og Aall etterlyser at ein koplar CO2 med andre klimagassar, fossil energi, økonomisk vekst og forbruk.

Vidare stilte Aall to viktige spørsmål til salen til ettertanke: dersom lett tilgang til for mykje energi i den rike delen av verda er ei av hovudårsakene til dei globale økosystemproblema, er det då fornuftig å tilføre den rike del av verda enno meir energi? Dersom vi lar den globale energibruken halde fram med å auke og likevel skulle klare å forsyne verda med 100 % klimagassfri energi, vil det då vere eit globalt økosystem i balanse?

Aall gjekk inn på samanhengane i forbruk og klimagassutslepp, der forsking viser at det er forbruket i dei rike landa som t.d. Noreg som driv utsleppa opp. Aall viser her til klima- og energiprofessoren Kevin Anderson om at gjennom å kutte forbruk i rike land kan vi kjøpe oss tid til ei teknologisk omlegging av produksjon, før vi i neste omgang blir nødt til å rydde opp etter oss med å hente innatt klimagassane vi har slept ut.

Korleis kan vi redusere energibruken framover? Å gjere endringar i det private forbruket seier Aall har omtrent 10 gonger større potensial for å kutte klimautsleppa enn ved å kun redusere direkte utslepp i kommunane. Her må vi som forbrukarar sjå på kva vi et, transport, bustad og ikkje minst flybruk som er dei største kjeldene til utslepp.

Aall konkluderar med at det no hastar med å utvikle verkemiddel som endrar forbruket vårt for å gjere oss mindre avhengig av ein usikker teknologi som framleis er under utvikling. Vi er nødt til å handle no om vi skal ha sjans til å stoppe utviklinga. Til sist stiller han eit spørsmål til politikarane i forsamlinga - er det mogleg å få innbyggjarane med på ei radikal endring av forbruket deira samtidig som staten held oppe tempoet på utvinning og leiting etter olje og gass?

- Eg trur mange av oss tilhøyrarane har fått ein del å tenkje på i dag. Det er skremmande å få presentert tala og forskingsresultata, og det viser at vi alle er nødt til å gjere vårt for at utviklinga skal bremsast og forhåpentlegvis stoppast, seier Nybø. Kanskje ein god plass for den norske forbrukaren å byrje kan vere å handle trygg, norskprodusert og dermed kortreist mat når dei er i butikkane?