I fråsegna frå fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordaner Bondelag til Stortingsrepresentantane frå fylket og Næringskomiteen ppå Stortinget står det følgjande:

Næringskomiteen på Stortinget skal legge fram si innstilling om Jordbruksmeldinga til Stortinget torsdag 23. mars.  Det vil vere avgjerande for matproduksjonen i Sogn og Fjordane og på Vestlandet at det kjem fleirtalsmerknader i denne innstillinga som:
• syner ein annan retning enn regjeringa sin retning for norsk landbrukspolitikk
• styrkar marknadsordningane
• styrkar inntektsmålet
• sikrar yrkesutøvaren i landbruket ferie- og fritid og gode velferdsordningar
• sikrar den regionale partnarskapen styring med investeringsverkemidlane
• avviser forenkling som løysing for målretta politikk
• sikrar kvoteordning som grunnlag for mjølkeproduksjon i heile landet
• sikrar den norske landbruksmodellen med eit unikt aktivt samspel mellom bonden, samvirka, organisasjonane og Staten.

Spenninga var stor når landbruks og matministeren Dale la fram Jordbruksmeldinga fredag 9. desember.  Ville det komme klare verkemiddel retta mot område der areal er i ferd med å gå ut av drift ?  Ville der ligge langsiktige grep om korleis vi skulle heve norsk sjølvforsyning ?  Ville der ligge regionale moglegheiter for å påverke utviklinga av jordbruket ?  Ville meldinga vise veg for å utvikle jordbruket til ei enno meir berekraftig næring med tanke på resursutnytting og klimapåverknad?

Desse utfordringane fekk vi ikkje svar på!   To ord går igjen i meldinga og det er kostnadseffektiv matproduksjon og forenkling av dagens verkemiddel i landbrukspolitikken.  Forenkling gjev mindre høve til å sikre målretta ordningar retta mot ulike driftsvilkår, produksjonar og distrikt.  Forenkling vil vere lik omfordeling av økonomien i verkemidlane.  Noko som ofte gjev forverra økonomi for distrikta og gjennomsnittsbruka.

Meldinga er eit langt steg vekk frå den Norske landbruksmodellen.  Ein modell der ein brukar budsjettpengar for å utjamne ulike inntektsmoglegheiter mellom store gardar og små gardar, og mellom geografisk ulike områder.  Ein modell som tek biologisk matproduksjon på alvor, som sikrar omsetting av produkta bøndene produserer.  Ein modell som tek utgangspunkt i familiejordbruket og dei mange, langsiktige,  eigarane som vil forvalte jorda i generasjonar. 

Inntektsmålsetting til norske matprodusentar blir svekka i meldinga, inntekt for bonden skal vegast opp mot ein «kostnadseffektiv matproduksjon».  Gjennom å kutte marknadsreguleringa innan fleire produksjonar, gjennom å avvikle refusjonsordninga for ferie og fritid svekker regjeringa  «tryggleikstsnettet» og makta til bonden i verdikjeda.

Vestlandsjordbruket treng tydelege politikarar som gjennom merknader i næringskomiteen og vidare handsaming i Stortinget står fram og signaliserer ein annan retning for norsk jordbruk enn kostnadseffektivitet, forenkling og sentralisering.