Vestland Fylkeskommune har utarbeida ein regional plan for innovasjon og næringsutvikling, der planprogrammet har vore ute på høyring. Planprogrammet fokuserar på 4 hovudtema: omstilling og fornying, arealbruk, innovative samfunn og like høve til å delta i verdiskapinga, og Bergen som motor for innovasjon og næringsutvikling i samspel med resten av Vestland.

- Planprogrammet tek føre seg mange viktige punkt for eit fylke med ein stor by og eit stort og avgjerande næringsliv utanfor byen. Men mykje av utviklinga og nyskapinga innan ulikt næringsliv skjer ikkje i Bergen. Det skjer "alle andre stader" i fylket, der naturgrunnlag og menneskelege ressursar i samspel skapar innovasjon, seier fylkesleiar Anders Felde. -  Vi treng regionale vekstsenter, utpeika av fylkeskommunen som fungerer som motorar både for næringsutvikling og busetjing kring om i fylket. Fylkeskommunen har eit klart ansvar for å bidra med sine ressursar for ei spreidd verdiskaping og kompetansebygging. Å flytte fleire statlege/fylkeskommunale arbeidsplassar ut til tettstadane i distriktet er eit viktig tiltak for å auke innovasjon og næringsutviklinga i distriktet.  Dette vil tiltrekke meir kompetanse til distriktet og gje ein breiare arbeidsmarknad når yngre familiar skal etablere seg.  Dette vil vere heilt i tråd med målet om Vestland som det leiande verdiskapingsfylket og nasjonal pådrivar for eit regionalisert og desentralisert Norge. held han fram.

 

God infrastruktur og digitale løysingar

Korona-pandemien har for mange vorte lettare å handtere då dei gjennom digitale løysingar har kunna jobba frå heimekontor. For at dette skal vere mogleg er minstekravet eit stabilt og godt nok breiband/fiber. Dette vil òg gjere det meir attraktivt for bedrifter å etablere seg overalt i fylket. - Ein må halde fram med utbygginga av breiband/fiber i heile fylket. Dette er svært viktig for å sikre at all har like høve til å delta i verdiskapinga i fylket vårt.

 

Landbruk har ringverknadar for andre næringar

Landbruk vert i planprogrammet nemnt som ei viktig næring for Vestland, og som ei næring som har positive ringverknadar for andre næringar i fylket vårt. Særskilt for reiseliv som er den 3.største eksportnæringa i Noreg og der Vestland står for den største delen av eksporten.  Årets sommar syner at Vestland har verdiar og natur som mange nordmenn har lyst til å oppleve. - I lys av koronasommaren bør det kome ei tyngre satsing på lokale råvarer / lokal mat som ei klar prioritering for å skape vekst i reiselivet i fylket.  Å styrke reiselivet i den retning og bygge vidare på ein auka del norske turistar vil vere bra.  Ei vriding av reiselivet vekk frå satsing på “billige” reiselivsprodukt utan lokal identitet.

 

Satse vidare på det vi er gode på

- Vi ynskjer at det vert fokusert meir på innovasjon og næringsutvikling innan landbruk. Særskilt i høve utviklinga av meir klimavenleg landbruk og utvikling av sirkulær økonomi.  Det bør vere eit større fokus på å oppretthalde og vidareutvikle landbruksarealet vi har i Vestland. Både å oppretthalde og auke matproduksjonen, samt å unngå nedbygging av verdifullt landbruksareal, seier Felde.

Fylkeskommunen har eit særskilt ansvar for å bidra til framtidstru og optimisme på gardsbruka i Vestland.  - Vestlandsbonden er heilt avhengig av ein aktiv landbrukspolitikk og ein aktiv fylkeskommune som ser eit tydleg ansvar for utviklinga i landbruket i Vestland.  Vi ynskjer difor at det vert utarbeidd ein eigen temaplan for innovasjon og utvikling av landbruksnæringa og tilhøyrande næringar.