Vestland får si eiga landbruksmesse!

Publisert 28.11.2019
  • Tips en venn om denne siden

Det er berre å begynne å glede seg, dette blir eit av dei største arrangementa i Sunnfjord, og finn stad allereie i september 2020!

Sunnfjord har ei lang og god historie for landbruksmesser og fesjå, der den første hesteutstillinga vart arrangert i Førde i 1864. Fleire andre plassar i Noreg blir det arrangert store landbruksmesser, og no er det på tide at Vestland tar sin plass på kartet! Landbruket i Sogn og Fjordane tek difor initiativ til ei stor, publikumsretta landbruksmesse for nye Vestland.

Bak landbruksmessa står kommunikasjon- og arrangementbyrået Rein Design med Tom Farsund og Svein Inge Bjørkedal som teknisk arrangør, og saman med bransjeaktørar og lokalt næringsliv jobbar dei for det som skal bli Vestland og heile Vestlandet si store landbruksmesse.

Landbruksmessa i Vestland skal vere ei brei publikumsretta messe som skal vere i stor hending alle ynskjer å delta på. Her vil det vere eit breitt utval av utstillarar, aktivitetar og attraksjonar som passar for alle. Samstundes skal messa òg ha funskjon som ei fagmesse for bøndene, der dei kan møte leverandørar, fagfolk, foredlarar, politikarar og kvarandre.

 - Grunnen til at vi har valt å legge messa til Sunnfjord er at dette blir den største landbrukskommunen i nye Vestland fylke, og Mo og Øyrane vgs. på Mo er ei naturleg ramme for arrangementet. Skulen har ei viktig rolle i rekruttering og kompetanseheving, og har vore eit naturleg samlingspunkt for landbruket sidan 1858. Her har vi tilhøyring, identitet, godt med plass og gode overnattingsmoglegheiter innanfor kort avstand. I tillegg blir det ei sentral beliggenheit for å tiltrekke folk frå Møre og Romsdal i tillegg til Vestland, seier Farsund.

Messa blir arrangert allereie september 2020, og målet er å oppnå eit besøkstal på 10 000 i løpet av 3 dagar. - Vi ynskjer å samle landbruket i heile Vestland og kjem til å bruke tida framover på å få med oss aktørar frå Hordaland. Kor flott er det ikkje å kunne byrje på kapitellet om Vestland med å samarbeide om å heidre landbruket vårt sitt positive bidrag til samfunnet, seier Farsund.

- Skal du på Styving i helga?

Namnet på messa er Styving - Landbruksmessa i Vestland. Omgrepet styving kjem frå småbruka på Vestlandet, der vinterfôret til sauer og geit vart supplert med greiner frå lauvtre, såkalla styvingstre. - Grunnen til at vi landa på namnet Styving er at symbolikken i eit styvingstre er utruleg fin. Her har vi den solide stammen som symbol for ei lang og stolt landbrukshistorie i Vestland, og dei ferske, nye skota symboliserar trua på framtida, framtidsbonden, alle dei ulike formene for landbruk samt alle ringverknadane landbruket har for teknologisk utvikling, foredlingsverksemder, transport, forsking og utvikling og mykje meir, seier Farsund engasjert. - I tillegg kling det fint; "skal du på Styving i helga?".

Optimistprisen

Fokuserer på det positive

- Vi meiner det er viktig å få fram alle positive satsingar i bygda vår og difor deler vi årleg ut pris til ein eller fleire optimistar, seier leiar i Eid Bondelag Knut Tore Nes Hjelle

Arne Rebni Øvreås, Sigrid Hjørnegård og Anders Felde

Bygger fjøs til 20 mjølkekyr

- Utan Luster kommune si ekstra satsing på landbruket, ville nok vi ha tenkt oss om ein gong til seier Arne Rebni Øvreås som saman med familien byggjer ny lausdriftsfjøs til 20 mjølkekyr.

Kurs i bekjemping av smågnagarar

Kurs i bekjemping av smågnagarar

Frå 15. oktober 2018 vart det opna for at personar som eig og/eller leiger landbrukseigedom kan få autorisasjon for å bruke enkelte gnagarmiddel. Sjå kursinformasjon frå Norsk Landbruksrådgiving her.

Leiar i Oppstryn Mathilde Dolern Nesje

Vil halde fram som eige lag

- Eg trur vi klarar å engasjere fleire ved å vere eit lokallag som er nærme bonden, i bygda der han bur seier leiar i Oppstryn Bondelag Mathilde Dolen Nesje

Luster - synfaring naturskade

Grunneigarane kan kjenne seg åleine

- Endringa i lov om erstatning etter naturskade gjer at den einskilde grunneigar står med heile ansvaret for å dokumentere skadene på sin eigedom, seier fylkesleiar Anders Felde

Harald Ålen t.v. og avtroppande leiar Karl andre Gjeldvik t.h.

Harald Ålen ny leiar i Stongfjorden

- Eg har fleire år bak meg i styret og har erfaring frå leiarvervet før så dette kan sikkert gå bra, seier nyvald leiar i Stongfjorden Bondelag Harald Ålen.

No er det nok

-No er det nok

Lisensjakta må framskundast seier Ole Bjarne Hovland, nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag.

Rundballeplast engasjerer i Sogn

- Vi har hatt ei fantastisk god ordning med utplassering av containerar i regi av SIMAS, seier leiar i Hafslo Bondelag Claus Rumohr Moe

Dette skjer i Sogn og Fjordane Bondelag

Torsdag
05
mars

Fylkesårsmøte 2020

Thon Hotel Jølster - Skei

Våre samarbeidspartnere