Vestland får si eiga landbruksmesse!

Publisert 28.11.2019
  • Tips en venn om denne siden

Det er berre å begynne å glede seg, dette blir eit av dei største arrangementa i Sunnfjord, og finn stad allereie i september 2020!

Sunnfjord har ei lang og god historie for landbruksmesser og fesjå, der den første hesteutstillinga vart arrangert i Førde i 1864. Fleire andre plassar i Noreg blir det arrangert store landbruksmesser, og no er det på tide at Vestland tar sin plass på kartet! Landbruket i Sogn og Fjordane tek difor initiativ til ei stor, publikumsretta landbruksmesse for nye Vestland.

Bak landbruksmessa står kommunikasjon- og arrangementbyrået Rein Design med Tom Farsund og Svein Inge Bjørkedal som teknisk arrangør, og saman med bransjeaktørar og lokalt næringsliv jobbar dei for det som skal bli Vestland og heile Vestlandet si store landbruksmesse.

Landbruksmessa i Vestland skal vere ei brei publikumsretta messe som skal vere i stor hending alle ynskjer å delta på. Her vil det vere eit breitt utval av utstillarar, aktivitetar og attraksjonar som passar for alle. Samstundes skal messa òg ha funskjon som ei fagmesse for bøndene, der dei kan møte leverandørar, fagfolk, foredlarar, politikarar og kvarandre.

 - Grunnen til at vi har valt å legge messa til Sunnfjord er at dette blir den største landbrukskommunen i nye Vestland fylke, og Mo og Øyrane vgs. på Mo er ei naturleg ramme for arrangementet. Skulen har ei viktig rolle i rekruttering og kompetanseheving, og har vore eit naturleg samlingspunkt for landbruket sidan 1858. Her har vi tilhøyring, identitet, godt med plass og gode overnattingsmoglegheiter innanfor kort avstand. I tillegg blir det ei sentral beliggenheit for å tiltrekke folk frå Møre og Romsdal i tillegg til Vestland, seier Farsund.

Messa blir arrangert allereie september 2020, og målet er å oppnå eit besøkstal på 10 000 i løpet av 3 dagar. - Vi ynskjer å samle landbruket i heile Vestland og kjem til å bruke tida framover på å få med oss aktørar frå Hordaland. Kor flott er det ikkje å kunne byrje på kapitellet om Vestland med å samarbeide om å heidre landbruket vårt sitt positive bidrag til samfunnet, seier Farsund.

- Skal du på Styving i helga?

Namnet på messa er Styving - Landbruksmessa i Vestland. Omgrepet styving kjem frå småbruka på Vestlandet, der vinterfôret til sauer og geit vart supplert med greiner frå lauvtre, såkalla styvingstre. - Grunnen til at vi landa på namnet Styving er at symbolikken i eit styvingstre er utruleg fin. Her har vi den solide stammen som symbol for ei lang og stolt landbrukshistorie i Vestland, og dei ferske, nye skota symboliserar trua på framtida, framtidsbonden, alle dei ulike formene for landbruk samt alle ringverknadane landbruket har for teknologisk utvikling, foredlingsverksemder, transport, forsking og utvikling og mykje meir, seier Farsund engasjert. - I tillegg kling det fint; "skal du på Styving i helga?".

Luke 7

Luke 7

No kan du opne luke sju i julekalenderen vår.

Stortingsrepresentant Frida Melvær i diskusjon med leiar i Jølster Bondelag Geir Støfring på Slåtten i Jølster

Kjenner seg overlaten til seg sjølv

Dagens forskrift for erstatning etter naturskade har lagt ansvaret fullt og heilt over på den skadelidde i å dokumentere alle skadene og søkje om erstatning. Kommunane er sett på sidelina og har lite å medverke med i etterkant av det som for dei innvolverte er svært dramtiske heningar.

Luke 6

Luke 6

Endeleg kan me opne luke seks i julekalenderen vår.

Tema mjølk og mjølkeproduksjon - Tine Byrkjelo. 6 Stortingsrepresentantar frå Høgre på besøk

Vi treng dei mindre mjølkebruka med oss inn i framtida

- At vi klarar å modernisere stadig mindre mjølkefjøs vil vere avgjerande for verdiskapinga og kulturlandskapet i Vestland, formidla ein svært tydeleg og engasjert prosjektleiar Jo Helge Sunde i møte med 6 Stortingsrepresentantar frå Høgre.

Luke 5

Luke 5

No kan du sjå kva som gøymer seg bak luke fem i julekalenderen vår.

Luke 4

Luke 4

No kan du opne luke 4 i julekalenderen vår.

Anders Felde og Børre Tystad saman med 6 Stortingsrepresentantar frå Høgre og representant for Gloppen Høgre.

Vi må ikkje gå i fella og skape overproduksjon

- Det vil vere dramatisk om vi får mange år med for mykje plommer, bringebær og eple i den norske marknaden, sa epleprodusent Børre Tystad då han sist veke fekk besøk av 6 av Høgre sine Stortingsrepresentantar på heimgarden sin i Gloppen.

Luke 3

Luke 3

Bak den tredje luka i julekalenderen vår finn du fylkesleiar i Hordaland Bondelag Peder Nernæs.

No kan du opne den andre luka i julekalenderen vår.

Luke 2

No kan du opne den andre luka i julekalenderen vår.

No kan du opne første luka i julekalenderen vår.

Luke 1

No kan du opne første luka i julekalenderen vår.

Julekalender frå Sogn og Fjordane Bondelag

Julekalender frå Sogn og Fjordane Bondelag

Tradisjon tru har Sogn og Fjordane Bondelag laga julekalender, og me gler oss til å vise den fram gjennom førjulstida. Her er ein liten smakebit på kva som ventar i desember.

Dette skjer i Sogn og Fjordane Bondelag

Torsdag
05
mars

Fylkesårsmøte 2020

Thon Hotel Jølster - Skei

Våre samarbeidspartnere