Klokka 12.00 starta vervedagen. Nils Magne (leiar i verveutvalet til Sogn og Fjordane Bondelag) delte sine erfaringar, før me starta vervekonkurransen. 

 

Arild Herstad og Gry Ingvild Agjeld var klar for konkurranse. Målet var å ringe til potensielle medlemmer, og verve dei inn i Bondelaget. 

 

Etter ein god time i telefonen var det leiaren i Førde Bondelag (Karin Annbjørg Øverli Grøneng) som vann. Ho fekk inn eitt nytt medlem, i tillegg til to som sa kanskje. Her får ho premie av Nils Magne Gjengedal.  

 

Til saman fekk me inn tre nye medlemmer denne dagen, vervedagen vart avslutta klokka 14.00. 

 

I konkurransen deltok:

Arild Herstad - leiar i Naustdal Bondelag

Karin Annbjørg Øverli Grøneng - leiar i Førde Bondelag

 

I tillegg stile Gry Ingvild Agjeld, Nils Magne Gjengedal frå fylkeslaget.