- Verkemiddel knytt til tal lam og kg storfekjøtt har vore sterkare enn verktøya knytt til denne arbeidsdelinga.   Det er for mykje sauer og ammekyr i kornområda.  Konsekvensen er lågare kornproduksjon samtidig som areal går ut av drift i «grasområda». I sum gir det lågare sjølvforsyning og lågare verdiskaping for nasjonen Norge held Felde fram.

Skal vi skjerpe produksjonsfordelinga må det naturlegvis vere økonomi i kornproduksjonen.  Eit vesentleg løft av arealtilskotet på dei små og mellomstore kornbruka vil vere avgjerande for å styrke produksjonsfordelinga, vi må inn med struktur på kornareal., sa ein tydeleg Felde.   På same måte må vi motivere til proteinvekstar som kan bidra til redusert import av soya, og i tillegg vere aktuelle norske ingridiensar i veganarane sin meny.   Vi må kunne tilby førsteklasses protein til både to-beinte og fir-føtte.  Vi kjem til å ete meir frukt, bær og grønt og vi bønder må saman med kjedar og grossistar bidra til større mangfald i grøntdisken med NORSKE varer.  Vi vil heilt sikkert trenge dei beste areala i landet for å få dette til.

Det må vere lov å problematisere at ein produserer raudt kjøt på kornjord.  Vi argumenterer for at drøvtyggaren forvandlar gras til mjølk og kjøt ved å nytte det «lågverdig» proteinet i graset.  Dette er eit godt argument, gitt at ein ikkje kan nytte desse areal til meir «høgverdig» produksjon.   På kornjorda held ikkje dette argumentet, og eg håpar Bondelaget kan vere tydeleg på at vi ikkje vil ha produksjon av raudt kjøt på kornjord!   På sikt må svekke inntekta knytt til slik produksjon.  Slik må ein også tenkje på sauen.  Ei sauedrift som ikkje nyttar utmarksbeite, må finne seg i ei svakare inntekt knytt til drifta si enn dei som nyttar utmarka.

Heile tala til Anders Felde kan du lese her