- For mange matprodusentar i fylket var dette ei kjærkomen førjulsgåve som sikrar moglegheiter for å kunne hente viktige inntekter frå marknaden i framtida, held Hilleren fram.  Mange i Venstre har synt stor vilje til å setje seg inn i saka og forstå konsekvensane av ulike val.  Det tykkjer eg er flott. - Det at politikarar syner vilje til å setje seg inn i saker og prøve å forstå ulike sider ved dei skapar tillit, sett frå min ståstad.  At politikarane let realpolitikken kome fram, og ikkje berre let seg styre av ideologi utan å sjå konsekvensar for næringslivet, er viktig for oss i landbruket, som er så avhengige av politiske vedtak, seier ein engasjert fylkesleiar.

- Det vert spanande å følgje utviklinga i landbrukspolitikken framover der den skal skapast i samspelet mellom regjering, Storting og omgjevnadene.  - Vi går eit spanande halvår i vente, avsluttar Hilleren.

Å sikre god økonomi i produksjon av kvardagsostane gjev rom for også å kunne tene pengar på å utvikle nye ostar med andre smakar.