Open Gard på Mo har blitt ein tradisjon. Søndag 7. september kl. 12.00 -16.00 er du hjarteleg velkomen til å ta turen.

I dyreutstillinga kan du  møte kyllingar, høns, ponni, sauer, lam, kalvar og kyr. Du kan kaste hestesko, ta ein tur på hesteryggen, vere med på tippekonkurransar, eller kva med å hoppe i høyet?

Gardsutsalet ved gartneriet vert ope, og her kan du blant anna sikre deg sesongen sine grønsaker.

Det vert sal av grillmat og tradisjonsrik kaffimat.

Inngangen er gratis, og parkering vert på travbana. I gardsbutikken er det mogleg å handle med kort, men i kafeen vert det kun teke kontantar.

Bondelaga og bygdekvinnelaga i Førde og Naustdal håpar at du legg søndagsturen din til Mo. Alle er hjarteleg velkomne!

Du møter hønemor og kjuklingane hennar på Open Gard på søndag