Er du glad i dyr? På Listene kan du møte mange ulike slag! Hestar, ponniar, grisar og minigrisar, duer, påfugl, høns, ender, gjess, kaniner, marsvin, sauer, geiter og kyr............

Marianne Kvalvik Kvamme og Jørn Kåre Kvamme opnar garden sin for besøkjande søndag 24. august, mellom kl. 11.00-16.00.

Det vert sal av grillmat, rømmegraut og diverse TINE-produkt.

Avkøyringa til Listene ligg ved Rv 5, ikkje langt frå Naustdalstunnelen. Det er ikkje høve til å parkere på sjølve garden, kjem du med bil må du parkere i Svarthumla. Herifrå går det bussar opp og ned frå Listene. Det er og ein fin søndagstur å ta beina fatt på den 1,5 km lange vegen opp til garden frå parkeringa. Dei som ønskjer å gå opp parkerer på motsett side av vegen i forhold til oppkøyrsla til Listene gard. Følg skilting.

Å kome med buss frå Førde eller Florø er og ein moglegheit, då oppkøyrsla ligg like ved Rv5.

Hjarteleg velkomen til ein kjekk søndag på Listene!

Velkomen til gards