Under arrangementet kan du helse på mange flotte dyr. Her finn du hestar, ponniar, grisar, minigris, duer, høner, ender, gjess, kaniner, marsvin, sauer, gris og geiter. 

Du får også kjøpt god mat under arrangementet. Dei sel grillmat, rømmegraut og diverse produkt frå Tine. 

Garden ligg 300 meter over havet, og er ein flott brattdriven gard. Det eldste huset på garden er frå 1850, det er restaurert og laga om til eit museum. 

Arrangementet startar klokka 11:00 og held fram til klokka 16.00. For meir informasjon kan du søke opp "Åpen Gård på Listene Gård" på Facebook. 

 

Eikefjord Bondelag ynskjer både store og små velkomen til ein kjekk dag på Listene Gard.