Hos Marita og Per Tistel i Vik er det Open Gard frå klokka 12:00-16:00.  Der vil det bli mange aktivitetar for store og små, der dyr vil ha hovudrolla. Vik køyre- og rideklubb tilbyr hesteskyss og sjølvsagt vert det mat og drikke å få kjøpt.

Tilskipinga på Mo opnar klokka 12 og held ope til klokka 17:00.   Det vert mange ulike aktivitetar og opplevingar. Arrangementet er spesiet lagt til rette for barnefamiliar, med det er og aktivitetar og engasjement for ein kvar: Utstilling av husdyr og kosedyr, gje kalven merke, hestedrosje, hesteskokasting for junior og senior og natursti med spørsmål om landbruksnæringa. Premiering av dei beste i natursti og hesteskokasting. Leikeaktiviteter som å gå på styltre, køyre trøtraktor, eller fri leik på gardstunet. Vidare blir det informasjonsstand og sal av grillmat, kaffemat og forsikringar. For dei som kjem med privatbil er det parkering på skulen si travbane.

Innbydinga til tilskipinga på Eid finn du under.  Fylkesleiaren håpar mange vil finne vegen til arrangementa, trass i yr sine sådomar om regn.  Det er jo berre å finne fram regnkleda og lufte dei, avsluttar ein blid fylkesleiar.