Matamål festivalen vert skipa til for 4. gong på rad, og startar torsdag 28. september. I fire dagar skal festivalen vere ein møtestad for produsentar, fagfolk og alle med interesse for mat. På torgdagen laurdag er det mogleg å verkeleg få sjå og smake på dei kvalitetsvarene som vert produserte i området vårt, og å vere med på aktivitetar som rodeo og riding. Dei komande dagane er det tilbod om fleire spennande kurs. På søndagen kan ein runde helga av med ein tur med Barnas Turlag til Gapahuken på Vereide, eller Open Gard på Støfring i Jølster. Heile programmet finn du på Matamål sine heimesider.

På Matamål er det mykje godt å smake på. Festivalen fremjar kunnskapar om tradisjonar, matkultur og kortreist mat.