Selje-og stadlandet Bondelag ønskjer å setje fokus på HMS. Laurdag den 26. april er alle inviterte til HMS dag på skulen i Ervika, mellom kl. 11.00 og 15.00.

Program:

  • Brannsløkking. Steinar Hatlelid med fleire demonstrerer.
  • Lastsikring av traktorhengar. Statens Vegvesen kjem og informerer om sikring av last, bruk av frontlastar og roterande lys.
  • Kraftoverføringsakselen på traktor; demonstrasjon av kva som kan skje om vi ikkje nyttar vern?
  • Støveksponering i landbruket. Trude I. Saure frå HMS seksjonen i Landbruksrådgjevinga gjer oss merksam på kjelder til støv, og korleis vi kan redusere eksponeringa.
  • Trygg og rett bruk av motorsag. Jarl Devik er skogbrukslærar ved Mo og Jølster vidaregåande skule, og lærar oss rett oppstart av motorsag. Han syner og kva som kan skje om ein ikkje nyttar vernebukse.

Det vert grilling og sal av kaffi og sveler. Værmeldingane er gode, så forholda ligg til rette for ein kjekk og lærerik dag!

Har du spørsmål kan du kontakte Vigdis Helen Bakkebø på telefon 930 39 557.

Kva skjer om kraftoverføringsakselen tek tak i armen på kjeledressen? Demonstrasjonen kan du sjå på HMS-dag i Ervika laurdag.