Seminaret skal vere på Sogn jord- og hagebruksskule 18.-21. mars 2015.

Hovudtemaet for seminaret vil i år vere jord og beite. Dette er tema som er sjølvsagte for dei fleste bønder i Norge og på Vestlandet, så sjølvsagte at det er stadig meir og lære, og at ein kanskje gløymer å tenkje på dei i kvardagen?

Kva seier jorda om vekstane der, og omvendt? Kva kan eg finne ut om jorda på garden min på eiga hand - utan å sende ho til analyse? Norske forbrukarar er stadig meir opptekne av norsk mat produsert på norske ressursar - korleis kan vi tenkje nytt og få endå meir ut av den flotte utmarka vår? Kan det å satse på beite gje sunnare produkt, og korleis kan vi klare å ta vare på denne medverdien heilt fram til forbrukaren?

Dette er spørsmål og diskusjonar som vil komme opp på fagdagane under Aurlandsseminaret, og vi ønskjer å ha flest mogleg matprodusentar med på desse.

Her finn du kortversjonen av programmet. Meir informasjon kan du finne på www.aurlandsseminaret.org, eller følgje seminaret på Facebook. Det er mogleg å melde seg på einskilde dagar.

Program
Onsdag: Jord
11.30 – 12.15 Lunsj og registrering
12.15 – 13.15 Kva er matjord, ved Øystein Haugerud
13.15 – 14.15 Kva kan jorda fortelje oss? ved Nathaniel Mead og elever frå SJH
14.15 – 14.30 Beinstrekk
14.30 – 15.30 Jordbiologi ved Berit Swensen
15.30 – 16.00 Oppsummering og vegen vidare
Kveldsaktivitet Mat og oppleving i landskapet – TBA


Torsdag: Beite
09.30 – 10.00 Kva skal vi med utmarka, ved Siri Helle
10.00 – 11.30 Fôrdyrking og beiteplanlegging med Holistic Management, ved Anders Lerberg Kopstad
11.30 – 12.15 Lunsj
12.15 – 13.00 Forbruk, kjøt og klima, ved Christoffer Ringnes Klyve
13.15 – 14.00 Du blir det dyret du et har ete, ved Anna Haug
14.00 – 14.30 Kaffipause
14.30 – 16.00 Paneldebatt og samtale kring tema
19.00 Festmiddag med underhaldning
Hanne Frosta og kokkelaget står for maten, med råvarer frå lokalmiljøet
Jens Brekke med vener underheld


Fredag: Praktiske verkstadar
Velg og vrak: Kurs i røyking av kjøt og fisk, å lage mat i naturen, økologisk blomedyrking, kompostering, mjølkesyregjæring av grønsaker, mjølkeforedling, baking med surdeig, tradisjonsbakst på takke, spekemat og pølsestapping.

Hovudtema på Aurlandseminaret 2015 er jord og beite