NØGD ORGANISASJONSSJEF: Merete Støfring er glad for at fleire fylgjer med på arbeidet til Sogn og Fjordane Bondelag.

 

I skrivande stund har fylkesslaget  cirka 1245 fylgjarar på Facebook og rundt 470 fylgjarar på Twitter.

- Eg tykkjer det er kjekt at folk vil fylgje arbeidet vårt og lese det me formidlar om landbruket i Sogn og Fjordane.

Det seier organisasjonssjef Merete Støfring i Sogn og Fjordane Bondelag.

Ho er nøgd med det ho ser, men håpar at fleire blir med på laget. 

- Me ynskjer å nå flest mogeleg. Det er ei side for dei som bryr seg om landbruket i fylket vårt, og dei som er interessert i matproduksjon.  

 

Om du ynskjer fylgje arbeidet vårt i sosiale medier kan du søke opp Sogn og Fjordane Bondelag på Facebook og Twitter kan du fylgje oss på SFBondelag.