LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde. 

 

- Eg er skikkeleg skuffa, seier Anders Felde. 

8.juni trakk Venstre seg frå forhandlingane med Ap, Sp, Sv og KrF om ei ny jordbruksavtale. Partia har i lengre tid forhandla etter det vart klart at Venstre og KrF ikkje kunne støtte Regjeringa sitt forslag til jordbruksavtale.

- Eg vart veldig lei meg då eg høyrte det. Vi ynskjer kronemessig lik inntektsutvikling som andre grupper, er det urimeleg? 

 

Venstre med eige forslag

- Vi har alt vore i kontakt med folk frå Venstre både i vårt fylke og nabofylka.  Eg kjem aldri til å gje meg på dei 790 millionane vi må ha for å få lik inntektsutvikling som andre. Det handlar ikkje berre om i år, men inntektsutviklinga i åra framover. 

Stortinget skal behandle årets jordbruksavtale fredag 16.juni. Venstre varsla i går at dei vil fremje sitt eige forslag, og sende attende til partane i jordbruksoppgjeret, altså jordbruket og staten, for fordeling. 

- No er planen å jobbe vidare inn mot Venstre og forsøke å påverke dei som bestemmer, fortel Felde.