Våronnestatus
Våren er i anmarsj, nokon stadar er den komen lengre enn andre. Her er eit lite innblikk i nokon av aktivitetane som skjer rundt i fylket.
Våronna er er ei travel tid for bonden. Det er mykje som må gjerast, mellom anna gjødsling, pløying, såing, klargjering av reiskap med meir. Hjå leiaren i Førde Bondelag, Karin A. Ø. Grøneng ligg snøen framleis på bøane i Haukedalen. Då er det greitt å nytte høve til å fikse maskinparken.
Erling Nesse i Gulen og Masfjorden Bondelag kan melde om bare, men noko våte bøar. Han har valt å avvente å starte arbeidet på bøane litt. Andre i bygda har så smått begynt på jobben.
Eit sikkert teikn på at våren er i anmarsj er den gode møkkalukta. I Indre Hafslo kan heldige innbyggjarar begynne å kjenne på denne, då leiarern her Olav Ugulen nettopp har byrja å spreie møk på jorda sine.
Beita må også klargjerast før beitesesongen startar. Leiaren i Vikane Bondelag, Oddbjørn Reme er godt i gang med å gjødsle beita hjå Bjørn Åge Berge.
I Hyen hjå lokallagsleiar Torunn Ommedal Aandstad er dei godt i gang med vårarbeid både ute og inne.