Mange deler dei verdiane som landbruket står for, og er positive til norsk matproduksjon. Vi tør påstå at det bur ein indre bonde i dei fleste. Men veit dei om det? I desse dagar er lokallaga ute og snakkar med forbrukarar og politikarar under kampanjen "Norge treng bonden". Her kan dei som vil blant anna ta "bondetesten" for å kartlegge kva slags bonde ein er. To av lokallaga som har vore ute og testa er Førde og Jølster:

Førde Bondelag besøkte formannskapet med informasjon om landbruksnæringa i kommunen. Her deler Karin Øverli Grøneng ut buttons til politikarane.

Geir Støfring frå Jølster Bondelag tek bondetest på representantar på fylkesting for ungdom. Her var det mange bondespirar, framtidsbønder og skåpbønder.

 

 

Her kan du sjå kvifor Norge treng bonden, og møte fleire bondetypar