LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde.

 

Jordbruksinntekta til vestlandsbonden har auka med kr 19 700 til kr 297 000 per årsverk frå 2015 til 2016. På landsbasis auka jordbruksinntekta med 2 prosent, til kr 332 800 per årsverk.

- Det er dårlege nyhender at norsk landbruk ikkje går fram meir enn 2%. Det er lågare enn andre grupper.  Det betyr at norsk landbruk framleis heng etter i inntekstsutviklinga, fortel Anders Felde.

 

Marknad i ubalanse gjev stor nedgang i inntekta for sauebøndene

 

- Eg er uroa for utviklinga på sau som har tilbakegang i inntekta, forel Felde. 

Etter tre år med auke fekk sauebruka på Vestlandet nedgang i jordbruksinntekta frå 2015 til 2016. I gjennomsnitt var jordbruksinntekta på kr 140 000 per årsverk, ein nedgang på kr 26 500. Det var bruka med sauehald som fekk lågast jordbruksinntekt av dei presenterte driftsformene.

Bruka med kjøtproduksjon på storfe oppnådde ei jordbruksinntekt på kr 177 100 per årsverk i 2016, ein auke på 32 900 frå året før.

 

Frukt- og bærproduksjon har størst variasjon i jordbruksinntekta mellom år

 

- Det er kjekt å sjå at frukt og bær har ei positiv utvikling, seier Felde. 

Jordbruksinntektene til fruktprodusentane varierer mykje mellom år. Etter eit særs dårleg år i 2015, vart 2016 eit godt fruktår. Særleg var det eplehausten som vart betre enn året før. Produsentane fekk auka jordbruksinntekta med 39 prosent til kr 322 600. 

 

Auke for mjølkeprodusentane

 

Det er kjekt å sjå ein framgang på 7% seier leiraren i Sogn og Fjordane Bondelag. 

Mjølkeprodusentane fekk auka jordbruksinntekta si med 7 prosent frå 2015 til 2016, og fekk i gjennomsnitt kr 322 000 per årsverk i jord­bruksinntekt.

Mjølkeproduksjon i kombinasjon med anna husdyrhald, er vanleg på Vestlandet. Også bruka som driv mjølkeproduksjon i kombinasjon med sau eller svin oppnådde auke i jordbruksinntekta frå 2015 til 2016. Kombinasjonen mjølk og svin var drifts­forma med høgast jordbruksinntekt på Vestlandet i 2016 med kr 338 600.