FABRIKKSJEF PÅ NORTURA I FØRDE: Eivind Fonn.

 

- Når det gjeld situasjonen på Nortura sitt anlegg i Førde går drifta som normalt.

Det fortel Eivind Fonn, fabrikksjef på anlegget. Sjølv om drifta går, har dei likevel gjort tiltak grunna koronaviruset.

- Akkurat no er det slik at kun driftskritisk personell og eigne tilsette kjem inn på anlegget. I tillegg fylgjer me sjølvsagt rettningslinjene frå både Folkehelseinstituttet og Nortura sentralt.

 

Full gass i produksjonen

- Me køyrer på, og tek unna det me kan no. Bøndene veit at me gjer vårt beste.

Fonn legg til at dei fylgjer situasjonen med koronaviruset tett, og om det skulle bli sjukdom er planen meir samhandling med andre anlegg.

-Me gjer så godt me kan for å unngå smitte. Me fylgjer generelle smittevernstiltak, og er veldig opptekne av handhygiene.

Han fortel at det ikkje er problem å oppretthalde drifta no.

- Det viktigaste for oss i Nortura er å sikre folk mat, avsluttar Fonn.