Valnemnda gjennomførte samtaler med sitjande styre i møte i Gloppen sist veke. F.v. Anne Moen, Lars Egil Viken, Per Gunnar Gilleshammer og Henny Karin Molland SkildheimStyremedlem Elin Haugen har takka nei til vidare verv i fylkeslaget etter å ha site 6 år i styret.  Det same har 1. vara Bjarte Myren og 2. vara Margunn Bjørkelo gjort, held Moen fram.  For valnemnda er det avgjerande å få inn framlegg til gode kandidatar frå heile fylket, men vi etterlyser særskild namn på kandidatar frå Sunnfjord og gjerne kvinner.  Har du namn på ein dyktig grøntprodusendt i fylket som du meiner kan gjere ein god jobb i styret til Sogn og Fjordane Bodnelag er vi svært glade for det.   -  Skal vi lukkast treng vi eit engasjement frå lokkallaga og medlemer som kan kontakte oss med namn på gode kandidatar, seier ei tydeleg Moen.

Styret har gjennomført samtale med det sitjande styret og arbeider no vidare med å finne gode nye kandidatar som kan gjere ein jobb saman med resten av styret.  Flott om du kan sende inn namn på konkrete kandidatar før 7. januar 2013.

Innspel kan sendast skriftleg til sogn.fjordane@bondelaget.no eller de kan kontakte ein av medlemene i valnemnda med innspela dykkar.  Valnemnda er sett saman slik:

Anne Moen, Eid - leiar

Jan Arve Midtbø, Norddalsfjorden, Flora

Lars Egil Viken, Viksdalen

Per Gunnar Gilleshammer, Kjølsdalen, Eid

Henny Karin Molland Skildheim, Luster

Margun Myrmæl Øren, Gaular