Per Hilleren vart første gong vald som leiar i fylkeslaget i 2008, så om han vert vald går han på sitt sjuande år som leiar.   Valnemnda avslutta sitt arbeid i midten av februar, og innstiller også på attval av Marit Flatjord, Stardalen og Nils Magne Gjengedal frå Hyen som styremedlemer for 2 år.  I tillegg til desse sit Lidvin Olav Hage frå Utvik og Kari Sigrun Lysne frå Lærdal i styret.  Dei to er ikkje på val i år.  Som ny 1. vara til styret gjer valnemnda framlegg om Marianne Kvalvik Kvamme frå Eikefjorden medan Ole Ivar Aam Sognnes frå Hyllestad er innstilt med opprykk frå 3. vara til 2. vara.  Som ny 3. vara innstiller valnemnda på Helga Carlsen frå Stongfjorden.

Vala skal gjennomførast på fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag på Skei den 6. og 7. mars.