LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde. 

 

- Vi har venta på denne innstillinga, fordi rammene for kva som skal skje med Vestlandslandbruket framover blir lagt i denne meldinga. Derfor er eg veldig skuffa over at regjeringa i tolvte time bestemmer seg for ikkje å halde tidsplanen. 

Det seier Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag. I dag skulle næringskomiteen på Stortinget gje si innstilling om jordbruksmeldinga som Mat- og landbruksminister Jon Georg Dale (FrP) la fram 9. desember. Det gjorde dei ikkje. 

- Vi fryktar at dette kan bli eit storpolitisk spel, der Regjeringa lokkar Venstre og Krf til forhandlingsbordet for å få gjennom meir av meldinga til Dale. 

Saka skulle etter planen opp til behandling i Stortinget tysdag 28. mars, men i dag om beskjeden om at innstillinga er utsett, fordi regjeringspartia Høgre og FrP ifylgje Nationen vil forhandle vidare med samarbeidspartia Venstre og KrF. 

- No må KrF stå på landbruksgarantien dei har løfta fram. Vi forventar at dei saman med Venstre held fram med å sikre gode rammevillkår for framtidig matproduksjon.