Endring i WTO-avtalen fører til at det frå 2021 ikkje lenger vil være mogleg å eksportere Jarlsbergost med eksportstøtte.  Norge eksporterar i dag kring 10.000 tonn Jarlsbergost, tilsvarande 100 millionar liter mjølk, med eksportstøtte. Eksporten føregår hovudsakleg til den amerikanske marknaden. 

- Korleis vi skal klare å redusere mjølkeproduksjonen, samstundes som vi klarar å halde oppe investeringslysta og den positive "gnisten" i næringa vil vere ei av dei viktigaste sakene dei komande åra held ein svært tydeleg Felde fram.  

Mjølkeproduksjonen på ku utgjer 58 % av verdiskapinga i landbruket i Sogn og Fjordane.  Framleis vert kring 50 % av mjølkevolumet produsert i båsfjøs.  Korleis det går med mjølkeproduksjonen i fylket framover vil vere avgjerande for både arealbruken og verdiskapinga.   I nokon område kan det vere aktuelt med andre produksjonar som til dømes frukt og grønt, men dette gjeld berre i nokon få bygder.   I det store fleirtalet av bygder er mjølkeproduksjonen grunnlaget for svært mykje av slåttearealet. 

  

Redusert mjølkevolum vil påverke verdiskaping og arealbruk i negativ lei i fylket. 

Innan 1. oktober skal staten og faglaga kome fram til kva regelverk som skal gjelde for kjøp og sal av mjølkekvotar i 2020.  Det vil seie eit regelverk som vil påverke total kvotemengde i 2021.  Det som skal drøftast er kva verkemiddel som må setjast inn for å nå målet om ein produksjon i tråd med marknaden.  Sogn og Fjordane Bondelag har fått saka på intern høyring frå Norges Bondelag med svarfrist den 22. august.  Saka er også sendt ut til lokallaga med svarfrist 17. august inn til fylkeslaget.   Har du synspunkt i saka så kan du kontakte lokallaget ditt eller du kan sende ein e-post til sogn.fjordane@bondelaget.no innan den 17. august.

Sentrale spørsmål i høyringa er følgjande:

  •     Korleis trur de mjølkemarknaden vil utvikle seg? 
  •      Klarar aktørane å selje meir norsk mjølk i den norske marknaden?
  •      Kor stort vert volumet som må ut av marknaden?
  •  Kor mykje av reduksjonen bør takast ved bruk av forholdstal - likt for alle grunnkvotar?
  •  Kor mykje av reduskjsonen bør takast med bruk av utkjøpsordning (Auka omsetnadsavgift)?
  •  Kor stor bør den statlege aelen vere ved ei utkjøpsordning?
  •  Kor høg pris bør ein setje ved ei utkjøpsordning?
  •  Skal ein ha differensierte statlege utkjøsprisar mellom kvoteregionar? 
  •  Skal ein setje tak for kor store volum som kan seljast i kvar kvoteregion?
  •  Skal ein differensiere redusert forholdstal mellom produsentar?
    • Til dømes skjerme nokon produsentgruppe som til dømes små bruk?
    • Eller skjerme nokon geografiske område i landet?

- Uavhengig av løysing så vil det vere viktig at den nedskaleringa av volum som skal skje, ikkje samstundes sentraliserer mjølkeproduksjonen i Norge, avsluttar ein tydeleg fylkesleiar.

I denne podkasten kan du høyre meir om utfordringane