Aktuelle søkjarar er organisasjonar, institusjonar, kommunar og ulike former for samarbeidsorgan/nettverk, hovudsakleg innan landbruket.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane forvaltar midlane til utgreiings- og tilretteleggingstiltak og har fått tildelt 3,8 mill. for 2017. Det er ein reduksjon på 1 million. Ein del av midlane er bunde opp til fleirårige prosjekt.

Døme på tiltak der desse midlane kan nyttast:

  • Matproduksjon: mobilisering og rådgjeving mot bønder for omstilling og nyskaping i det tradisjonelle jordbruket
  • Økologisk landbruk: økologisk kjøt fram til forbrukar
  • Skog og bioenergi: områdeplanar for skogsvegar
  • Bygdenæringar: mobilisering og rådgjeving mot kjøparar og tilbydarar for Inn på tunet
  • Lokalmat: nettverk av bedrifter som ynskjer å gjere ei kartlegging/utgreiing

Fylkesmannen oppmodar om at de brukar det elektroniske søknadsskjemaet.

Søknadsfrist er 1. april 2017.

 

Denne saka er henta frå Fylkesmannen sine nettsider.