NESTLEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Ole-Ivar Åm Sognnes. 

 

- Fleire aktørar oppfordrar til 3.slått. Det kostar bøndene både tid og pengar å gjennomføre, difor må det vera aksept for å søke om skadefellingsløyve. 

Det seier Ole-Ivar Åm Sognnes, nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag. Han fortel om relativt høgt beitepress frå hjort i sommar, der hjorten har gjort skade på innmark. 

- Me prøver å berge avlingane våre, og med årets sesong er det heilt avgjerande å hauste alt grovfôret me klarar. Det er ikkje så lett å få til når hjorten skadar avlingane våre.    

 

Forventningar til kommunen

- Søknad om skadefelling av hjortevilt skal sendast til kommunen, seier Sognnes. 

Han forventar at kommunane har resursar til å handsame søknadane, og brukar kort behandlingstid. 

- Det er viktig å gjennomføre dette før skadane blir for store. 

 

Oppmodar folk om å ta jegerprøven

- Hjortejakta startar 1.september, før det kan folk ta jegerprøven og vera klar til jakta startar

Åm Sognnes ber også grunneigarane skyte tildelt kvote i år.

- Dersom ein ikkje jaktar sjølv, kan ein leige ut jakta til andre. 

 

 

Åm Sognnes skreiv for eit tid tilbake eit lesarinnlegg om at hjortestammen i Sogn og Fjordane må reduserast. Lesarinnlegget fin du her.