Det sitjande styret fram inntil vidare.  - Det er viktig at styret gjer grep som kan sikre at medlemene frå eit lokallagstilbod også i Selje kommune, seier medlem i fylkesstyret Nils Magne Gjengedal, som deltok på møtet i Ervika sist veke.  Det kan vere å vurder å slå seg saman med eller samarbeide med  Kjølsdalen Bondelag som ligg nærast, men då snakkar vi om store avstander.   Eller det kan vere ei løysing der nokon likevel finn ut at vedkommande vil ta på seg leiarvervet.

Triveleg årsmøte, men usikker framtid for Selje- og Stadtlandet Bondelag dersom ingen tek på seg leiarvervet etter Salvatore Ligia, t.h.

 

Opptekne av økonomien i sauehaldet

Deltakarane på årsmøtet gav uttrykk for at sauen har nådd ei smertegrense økonomisk, og at det må kome grep som sikrar ein betre økonomi i jordbruksoppgjeret 2019.