- Me tenkjer på alle dei råka, seier fylkesleiar Per Hilleren.

Han tykkjer det er trist å sjå alle skadane nedbøren har ført med seg det siste døgnet. Stor vassføring i elvar, bakkar under vatn og stengde vegar er nokre av utfordringane fleire har møtt på i dag.

 

Brekke bru i Flåm

 

Forventar at regjeringa syner vilje

- No må regjeringa vise vilje og evne til å yte dei økonomiske rammene som trengst for akutte og langsiktige tiltak i desse kommunane og andre kommunar som er råka av naturkreftene, fortel han.  

 

Sjå video frå NRK Sogn og Fjordane her:

http://www.nrk.no/sognogfjordane/sja-elva-sine-herjingar-1.12013103