Nils Magne Gjengedal er ein engasjert styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag, og han er ikkje nådig i sin dom over jordbruksmeldinga i kommentaren i Firda Tidend.  – Dette er det verste eg har sett sidan eg tok over garden på 1980-talet, seier Nils Magne Gjengedal om landbruksmeldinga. Han set si lit til at KrF og Venstre set foten ned

Nils Magne driv gardsbruk i Gjengedalen i Hyen med mjølk og kjøt.  Om sommaren driv han stølsdrift i Naustdal/Gjengedal Landskapsvernområdet.  Han kjenner på ei uro for framtida og rekrutteringa til næringa i utkantane.   Mellom anna ser han store utfordringar ved regjeringa sine forslag som svekkar marknadsordningane for alle dei ulike produksjonane.

Du kan lese artikkelen med Nils Magne sine kommentarar til meldinga i avisa Firda Tidend