Utfordrar Lødemel og Sande
- Vi ynskjer å kome eit steg vidare frå fagre ord til konkrete handlingar når det gjeld Meldinga til Stortinget om landbruks- og matpolitikken seier Anders Felde i fellesstyret for Bondelaga i Gloppen. Difor har vi invitert Stortingsrepresentantane Erling Sane og Bjørn Lødemel til møte i Trivselshagen torsdag kveld. Møtet er ope for alle.
Høgre har i lengre tid sagt at dei ynskjer å kome med ei motmelding i etterkant av at regjeringa la fram si melding. Seinast vart dette poengtert av Frank Bakke-Jensen på AgroNordVest i Loen i november. - Vi undrast på innhaldet i denne meldinga samstundes som vi ynskjer å få konkretisert innhaldet i Regjeringa si melding. - Der er mange fagre ord, men skal vi halde fram som bønder og auke matproduksjonen i denne regionen held det ikkje med fagre ord, seier Felde. Difor utfordrar vi Stortingsrepresentantane til å seie noko om korleis vi skal kome frå fagre ord til auka matproduksjon i Nordfjord.