Skal ein kunne auke produksjonen må det i mange høve til ei fornying av driftsapparatet.  Det krev kapital.Høgre har i lengre tid sagt at dei ynskjer å kome med ei motmelding i etterkant av at regjeringa la fram si melding.  Seinast vart dette poengtert av Frank Bakke-Jensen på AgroNordVest i Loen i november.  - Vi undrast på innhaldet i denne meldinga samstundes som vi ynskjer å få konkretisert innhaldet i Regjeringa si melding.  - Der er mange fagre ord, men skal vi halde fram som bønder og auke matproduksjonen i denne regionen held det ikkje med fagre ord, seier Felde.  Difor utfordrar vi Stortingsrepresentantane til å seie noko om korleis vi skal kome frå fagre ord til auka matproduksjon i Nordfjord.

Programmet for møtet i Trivselshagen kan du lese her.