Fylkesleiaren i Bondelaget møter Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel frå Høgre til debatt i Fjærland Bygdahus i dag klokka 13:00.  På dagsorden står ein landbrukspolitisk debatt med fokus på verknadene av Høgre sin landbrukspolitikk.  - Høgre plar heile tida seie at dei skal kompensere for kutta i direkte tilskot med skattelette, men eg får da ikkje til å gå i hop.  -  Skattelette er vel og bra, men i dette tilfellet dekker ikkje det på langt nær opp dei kutta som Høgre legg opp til.   Netto kutt for næringa er store med Høgre sine framlegg, seier Hilleren som håpar Bjørn Lødemel kan vere noko meir konkret i dag enn tidlegare på kva verknader politikken vil få for matprodusentane i fylket.

Program for møtet i Fjærland