I den situasjonen vi har no med dårleg avsetning i marknaden tener innsamlarane lite.  Det vil seie at vi må forvente å betale frakt for å levere plast. Bransjeavtala sikrar kun gratis levering, ikkje inntransport.   I reine ord betyr det auka kostnad med bruk av rundballeplast.    

Grønt Punkt varslar samstundes på eit møte i Oslo den 2. november at vederlaget på plast kjem til å auke noko fordi ordninga i dag ikkje er sjølvfinansierande.   Grønt punkt kuttar for kring 3,5 mill på administrering i sentralleddet og vidarefører godtgjeringa til dei som køyrer rundt og samlar inn plasten.   Dei vurderer også differensiert godtgjersle til innsamlere etter geografi.  - Det håpar vi verkeleg vert ein realitet for å kunne betre økonomien i å hente plast i heile fylket vårt, seier Felde.   Da hastar med å få ei slik differensiert finansiering på plass. 

Fylkeslaget er kjend med at det ligg plast mange stader kring i fylket som ikkje er henta inn.  Slik det er no er einaste alternativet at bøndene sjølve går saman om å få levert på mottak.   Dette er ei viktig sak som fylkeslaget oppmodar våre lokallag om å ta tak i og jobbe med lokalt i sin kommune.  Utplassering av containerar kan vere ei løysing, der det er langt til næraste mottak i dag.     Samstundes er det viktig at plasten vert sortert og reingjort godt.  Samling i "større kassar" på garden kan vere ei kortsiktig løysing medan da vert arbeidd med andre løysingar.   

Marknaden er krevande så lenge det ikkje avsetningen på attvunnen plast i tilstrekkelig grad.  Det vert arbeidd  sentralt med å finne løysingar på kort og lang sikt  når det gjeld avsetnad.