Utfordrande marknad for landbruksplast
- Bransjeavtala for innsamling av landbruksplast gjeld, men vi er på ei minimumsløysing slik stoda er no seier fylkesleiar Anders Felde i Sogn og Fjordane Bondelag.
I den situasjonen vi har no med dårleg avsetning i marknaden tener innsamlarane lite. Det vil seie at vi må forvente å betale frakt for å levere plast. Bransjeavtala sikrar kun gratis levering, ikkje inntransport. I reine ord betyr det auka kostnad med bruk av rundballeplast.
Grønt Punkt varslar samstundes på eit møte i Oslo den 2. november at vederlaget på plast kjem til å auke noko fordi ordninga i dag ikkje er sjølvfinansierande. Grønt punkt kuttar for kring 3,5 mill på administrering i sentralleddet og vidarefører godtgjeringa til dei som køyrer rundt og samlar inn plasten. Dei vurderer også differensiert godtgjersle til innsamlere etter geografi. - Det håpar vi verkeleg vert ein realitet for å kunne betre økonomien i å hente plast i heile fylket vårt, seier Felde. Da hastar med å få ei slik differensiert finansiering på plass.
Fylkeslaget er kjend med at det ligg plast mange stader kring i fylket som ikkje er henta inn. Slik det er no er einaste alternativet at bøndene sjølve går saman om å få levert på mottak. Dette er ei viktig sak som fylkeslaget oppmodar våre lokallag om å ta tak i og jobbe med lokalt i sin kommune. Utplassering av containerar kan vere ei løysing, der det er langt til næraste mottak i dag. Samstundes er det viktig at plasten vert sortert og reingjort godt. Samling i "større kassar" på garden kan vere ei kortsiktig løysing medan da vert arbeidd med andre løysingar.
Marknaden er krevande så lenge det ikkje avsetningen på attvunnen plast i tilstrekkelig grad. Det vert arbeidd sentralt med å finne løysingar på kort og lang sikt når det gjeld avsetnad.