Sauen treng salt, og vil vere på jakt etter å finne dette.  Han vil legge ut på vandring og kunne trekke over til området utanfor CWD sona, der det er lov å nytte saltstein.    Forbodet mot bruk av saltstein, også til sau, gjeld i hovudsak i kommunane Hemsedal, Aurland og Lærdal, men også i deler av andre kommunar i Buskerud og Hordaland.  Paragrafen i endringane som kom no i juni lyd slik:

I sonen er det forbudt å sette ut eller bruke slikkesteiner utendørs. Slikkesteiner som allerede er satt ut må fjernes. Strøsalt kan benyttes dersom saltet ikke strøs på samme sted gjentatte ganger slik at faste samlingsplasser dannes. Grinder, lemmer og lignende satt opp før 13. juni 2019 for å skjerme slikkesteiner skal ikke fjernes med mindre Mattilsynet bestemmer annet.

Nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Ole Bjarne Hovland er frustrert på beitebrukarane i Lærdal og Årdal sine vegne.

Som ein les av forskrifta, opnar den opp for å nytte strøsalt, men ikkje for å bruke saltstein som kan flyttast.  Kvar er logikken?   - Det er ikkje tvil om at dette vert ein vanskeleg sommar for beitenæringa i desse fjella.  Vi snakkar om å endre ei driftsform for beitebruken som har vore brukt i fleire tiår, seier Hovland.  Han er svært tydeleg på at frustrasjonen hos beitebrukarane er stor.    Ja, det er ein alvorleg sjukdom og det er viktig å stogge utbreiinga av CWD, men her kjenner beitebrukarane på at det ikkje vert nytta sundt bondevit i forskriftsendringane.   Staten pålegg beitebrukarane store ekstra kostnader i form av svært mange arbeidstimar, utan at dette i heile teke vert kompensert for i ein grad som samsvarar med påkjenninga dette gjev den einskilde beitebrukar.  Det vert tilbydd delvis kompensasjon til investeringar og ekstra tilsyn, men det er langt frå nok til å kompensere ulempene som beitebrukarane i dette området må ta på vegne av heile landet.   Søknadsfristen er allereie 1. juli og alle kompensasjonsordningane har store eigendelar for beitebrukarane. - Da er rett og slett ikkje godt nok - Staten må kompensere for ulempene fullt ut avsluttar Hovland. 

 

Forskrifter om restriksjonar på Mattilsynet seine sider

Brev med informasjon om kompensasjonsordningar frå Fylkesmannen i Oslo og Viken